Kven er vi?

Vi er eit forvaltningsorgan under Kunnskapsdepartementet. Styret som er oppnemnt av Kunnskapsdepartementet har det overordna ansvaret for verksemda.

BIBSYS har i dag 36 tilsette, og forvalter flere ulike tjenester for universitets- og høgskulesektoren, Nasjonalbiblioteket og andre forsknings- og forvaltningsinstitusjonar. Desse tjenestene er bibliotekfaglege fellessystem, digitale læringsressursar, informasjonsforvaltning og forskningsdata.

Sjå oversikt over våre tilsette her.

Leiinga i BIBSYS
Styret for BIBSYS
  • Seunn Smith-Tønnessen, universitetsdirektør, Universitetet i Agder (leiar)
  • Bente R. Andreassen, (P), Universitetet i Oslo (nestleiar)
  • Roger Jøsevold, assisterande direktør, Nasjonalbiblioteket
  • Stig Fossum, Nord universitet
  • Else Norheim, hovedbibliotekar, Høgskolen i Østfold
  • Aasmund Frøseth, forretningsutviklar, Tetis AS
  • Dagmar Langeggen, bibliotekdirektør, Handelshøyskolen BI (1.vara)
  • Petter Kongshaug, UNINETT (2. vara)
  • Ansatterepresentant: Hege Johannesen, seniorrådgjevar (vara: Jan Erik Kofoed, seniorrådgjevar)

Styret for BIBSYS har det overordna ansvaret for den faglege verksemda ved BIBSYS, og for dei administrative oppgåvene som er lagde til organet. Styret tek avgjerder om den faglege verksemda innanfor dei rammene og måla som vert gjevne av Kunnskapsdepartementet. Styret har det strategiske ansvaret for den framtidige utviklinga av BIBSYS.