Kva gjer vi?

Vi skaffar, utviklar og driv fellessystem for utdanning- og forskningssektoren. Arbeidet vårt skal bidra til auka samarbeids- og integrasjonsløysingar mellom institusjonane. Det er difor viktig for oss å ha ein solid fagleg tyngde innan vårt virkeområde.

Gjennom konsortieorganisering er deltakarane våre sikra innverknad og medverknad i utforminga av produkta og tenestene vi tilbyr. Vi har vakse frå eit prosjekt for å levere biblioteksystem for to institusjonar i 1972, til i dag å levere nasjonale system og løysingar for utveksling, lagring og attfinning av data.

Målet vårt er å gjere kunnskap tilgjengeleg gjennom å vere det viktigaste strategiske verktøyet for institusjonane i utdanning- og forskningssektoren, slik at dei kan tilby gode informasjonstenester for brukarane sine.